"To love is to recognize yourself in another"
- Eckhart Tolle


HAN FAR

Kjensla av å sitje i kald bil
om morgonen
lyden av far som skrapar isen
frå vindauga

eg er han som skrapar isen no

Han som var tilstades
om natta
når ein ikkje fekk sove
trøytt, men tolmodig

eg er han som vaker om natta no

Lukta av den blå ulljakka
varmen, tryggleiken

eg er han med ulljakke no

Eg gløymer aldri
då eg sjølv vart far
fikk ein veldig styrke
følte meg fryktlaus
og kjende
at eg no hadde
eit mål
større
enn meg sjølv

R