"The quieter you become, the more you can hear"
- Rumi


BORTANFOR TANKEN

Ein sjeldan gong
kan eg få
kontakt med
ein augneblink
ei stemning
ei kjensle
ifrå barndommen,
den magiske tida
noko
som ikkje kan
uttrykkast
i ord

Med orda
forsvinn det brått
må halde dei vekk
og berre vere
i augneblinken

bortanfor
tanken


R