"To enter the kingdom of heaven, you first have to become a child again." - JC

DRAUMELANDET

Ein ny borgar
har kome
til verda
og han
skal finne
sin stand

men han
er òg del
av noko anna:
fantasien
og draumen
sitt land

der finst ikkje
mange vaksne
få finn vegen inn

for bortanfor skodda
frå den verdslege nød
skin ljoset
frå draumen
sin evige glød

barn blir til vaksen,
men hugs berre det:

å alltid
ha ljoset
frå draumelandet
med