"Flow is being completely involved in an activity for its own sake. The ego falls away. Time flies. Every action, movement, and thought follows inevitably from the previous one, like playing jazz." - Mihaly Csikszentmihalyi

The Father of Flow

"The Father of Flow"
gjekk bort i år
ein brubyggjar
av sjeldant kaliber

Austleg visdom
frå tusenvis av år
lurt inn i varmen
i vestlege kår
blant bøkene
til høge herrar

Ei sanning så enkel
går dei fleste hus forbi
at lykka finst
i ein enkel augneblink
oppslukt i ei oppgåve
sånn passe vanskeleg
blir sinnet tømt
for kvardagsgrubleri

Lettare sagt enn gjort
å temme sitt sinn
å halde tanken unna
full innleving, som eit barn
så tanken ikkje får vandre fri
det var bodskapet til
Mihaly Csiks-zent-mihaly-i!

R

Kvil i fred
"The Father of Flow"
Mihaly Csikszentmihalyi
1934-2021

(Foto fra TedX talk: "Flow, the secret to happiness", februar 2004)